Ledig stilling – Mjømen og Berge Byggeverksemd AS er på utkikk etter fleire handverkarar/tømrarar!

Er du vår nye medarbeidar?

Mjømen og Berge Byggeverksemd er ei lokal byggteknisk verksemd lokalisert på Mjømna i Gulen kommune. Vi utførar alt av byggtenester, hus, hytte, kai, tomt og liknande. Vi har utstyr og anleggsmaskiner for å utføre dei fleste oppdrag rundt tomtearbeid, i tillegg har vi trelast og anna utsal av materiale og utstyr.

Les meir om verksemda her: http://www.mbbygg.no/web/

Stillingsbeskriving

Stillinga er ei 100% fast stilling som handverkar/tømrar, kor ein jobbar ute på oppdrag med byggtekniske oppgåver. I all hovudsak vil du kunne jobbe med oppdrag som nybygg, rehabiliteringsoppgåver og større byggeprosjekt. Jobben er allsidig, og det er sjeldan dei same oppgåvene frå dag til dag.

Vi tilbyr:

  • 100 % fast stilling
  • Stort ansvar for eigne arbeidsoppgåver
  • Personlege utviklingsmoglegheiter i ein krevjande og interessant jobb
  • Jobbar ute på oppdrag i heile Gulen og Masfjorden kommune
  • Moglegheit for leilegheit
  • Lønn etter avtale – tiltreding snarast
  • Opplæring vil verte gitt

Utdanning:

  • Er utdanna tømrar, eller har lang erfaring innan handtverkarfaget.
  • Har kjennskap til byggfaget, og utfordringane som utspeler seg her. 


Den vi ser etter:

  • Har fagbrev som tømrar, mange års erfaring kan veie opp mot fagbrev
  • Snakkar/forstår norsk eller engelsk
  • Kan ta ansvar og styre mindre prosjekt
  • Førarkort klasse B
  • Har gode referansar
  • Er personleg eigna til stillinga


Personlege eigenskapar:

  • Fagleg dyktig og har ekte entusiasme for tømrarfaget
  • Må kunne jobbe nøyaktig og sjølvstendig
  • Positiv og serviceinnstilt
  • Ærleg og lojal
  • God til å jobbe i team
  • Løysingsorientert

Mjømen og Berge Byggeverksemd har brakker og hus som kan vere eit bualternativ til dei som vil jobbe hos oss, og som flytter ut til Mjømna/Byrknes.

Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar Jostein Berge tlf. 915 24 797.

Søknad og CV kan sendast til jostein@mbbygg.no 

Søknadsfrist: snarast